1. Kvemmadokkje - Skitnasete - Kvemmadokkje

Denne turen går langs stølsvegen i kupèrt terreng med jamn stigning til Skitnasete som ligg om lag 530 m.o.h. Tidsbruk 2 -3 timar!

2. Kvemmadokkje - Skitnasete - Snipo - Kvemmadokkje

Frå Skitnasete går turen vidare oppetter liene til den høgastliggjande stølen vår, Snipo. 730 m.o.h. Her kan ein om det er ynskjeleg ta seg ein forfriskande dukkert eller prøva fiskelukka i Snipetjørnet.
Tidsbruk 3 – 4 timar.

3. Kvemmadokkje - Skitnasete - Snipo - Gunnarsete - Litlastøl - Kvemmadokkje

Denne turen kan ein gå begge vegar. Frå Snipo går ein i lett kupèrt terreng, med lett helling ned til Gunnarsete. På desse høgdene får ein flott utstyn over bygda. På veg til Gunnarsete kjem ein inn på trasèen til motbakkeløpet Kvasshovden Opp og fylgjer denne merka løypa heile vegen til Børsheim og Kvemmadokkje.
Tidsbruk 3,5 – 4,5 timar.

4. Kvemmadokkje - Skitnasete - Angerskleiv - Furusete - Anveslèe - Kvemmadokkje

Denne rundturen går vidare frå Skitnasete til Angerskleiv, der heradsgrensa mellom Granvin og Ulvik går. Så går turen nedover til Furusete før ein endar opp i Aosen, rett ved Kvemmadokkje. På deler av turen går ein kjerrevegen til den gamle Postvegen som vart nytta før i gamle dagar. Ein flott tur viss det er litt utriveleg ver og lite utsikt.
Tidsbruk 3-4 timar.

5. Kvemmadokkje - Aosen - Kvemmadokkje

Dette er ein kort tur for dei som berre vil ein liten tur ut i terrenget. Me går til Aosen, innmarksbeitet på Børsheim. Der står tuftene att av ein av mange husmannsplassar som låg under gardane på Børsheim før i tida.
Tidsbruk 1 time.

Overskrift

Å tilbringe tid i naturen kan gi mange helsemessige fordelar. Forskning viser at det å vere ute i friluft kan redusere stress og auke vårt velvære. Det gir oss moglegheit til å lufte tankane, ta del i fysisk aktivitet og nyte dei vakre omgivnadene. Uansett om det er ein spasertur i skogen, ein tur til fjells eller å sitje stille ved vatnet, kan naturen tilby oss ein verdifull pause fråkvardagen.

Overskrift

Det å tilbringe tid i naturen kan kraftig betre vår mentale helse. Det bidrar til å lindre angst og depresjon, og gir oss ein følelse av ro og harmoni. Naturen kan vere eit trygt rom for refleksjon og inspirasjon.

Overskrift

Aktivitetar i naturen som turgåing, sykling eller berre å leike i parken, kan halde oss aktive og i form. Det styrkar både kropp og sinn, og gir oss energi til å møte kvardagen.

Bli med på våre spennande turar!

Opplev den rike historia og naturen rundt oss på våre organiserte turar. Bli kjent med lokal kultur og tradisjonar, møt liksinnande og skap minner. Ikkje gå glipp av sjansen til å utforske desse fantastiske områda – bli med på ein tur i dag!

Besøk oss for kulturhistorie

Ta kontakt med oss

Her finn du informasjon om korleis du kan nå oss for spørsmål eller meir info om våre turar og arrangement.

Kor finn du oss?

Kvemmadokkje Husmannsplass, 5730 Ulvik